16. mars 2019177 dager igjen

Samarbeid mellom HelteRennet, Haukelirennet og HovdenTour

Frå 2018 har me inngått eit nytt samarbeid mellom 3 turrenn i fjellregionen i Telemark & Agder. HelteRennet på Rauland, HovdenTour på Hovden og Haukelirennet på Haukelifjell har ulike profilar. Til saman kan me tilby renn for unge, gamle, mosjonistar og eliteløparar - enten du svergar til klassisk stil eller vil skøyte. Felles for alle renna er at løypene ligg i flott fjellterreng, og at me har dei blidaste funksjonærane med dei finaste dialektane :)

 

Alle som går alle 3 renn får ein eigen deltakarpremie, og i tillegg blir det mange flotte trekkepremiar. Her kan dei heldige vinne både heiskort, helgeopphald og ein betre middag - for å nemne noko.

www.fjelltrippelen.no


Generalsponsor
Hovedsponsorer
Sponsorer
SAMARBEIDSPARTNERE